
Gjennom eit semester er det stor aktivitet på Arken. Her er det tilbod for alle aldrar – frå barne- og ungdomsarbeid til møte, undervisning, songkveldar, film- og gruppesamtalar, utleige, tema kveldar og mykje meir.
Det er gledeleg å sjå kor godt huset blir brukt. Arken blei bygd for nettopp dette: å vere ein møteplass der vi kan nå ut med evangeliet til bygdefolket.
No ser vi fram til ein innhaldsrik vinter og vår, med mange ulike arrangement der både små og store kan samlast til fellesskap, påfyll og gode opplevingar. Enten du kjem fast eller berre stikk innom av og til, er du hjarteleg velkomen.
Samtidig ønskjer vi å invitere fleire med i fellesskapet – både som deltakarar og frivillige. Det er mange ulike oppgåver og behov, og alle bidrag er verdifulle. I lag med andre kan du vere med og byggje eit trygt og godt fellesskap, styrkje trua og bidra til at fleire får kjennskap til Jesus.
👉 Følg med i kalenderen vår for oversikt over komande arrangement – vi håpar å sjå deg på Arken!





