Speidaren
Målgruppe:
Ungar frå 2. klasse og oppover
Når
Annakvar tysdag, pluss litt helgeaktivitet.
Kort om speidaren:
Speidaren er ein kristen friluftsorganisasjon. Dei aller fleste samlingane er utandørs. Men midt på vinteren når det er mørkast, er det kjekt å kunne vera inne. Då er det ungdomsrommet på Arken som vert brukt.



tilknytta Norges KFUK/KFUM
Læring i naturen
Gruppene er delt inn etter alder. Ein samlar 2. klasse til 5. klasse på ei gruppe. Og 6. klasse og oppover i ei anna gruppe. Det er godt med vaksne med i leiargruppa, og fleire av leiarane engasjerer seg eller har engasjert seg i speidararbeidet på heile Haugalandet. På samlingane i speidaren får ungane øve seg i å ha glede av naturen, ha respekt for skaparverket og bli betre kjende med seg sjølv og andre gjennom å samarbeide og løyse oppgåver ilag. Annakvart år er det også vekesleir for dei eldste.
Kontaktperson: Borghild Velde Eskeland, 916 11 263,