The Chosen er ein heilt unik filmatisering av Jesu liv og har vekka interesse over heile verda. Me på Arken vil starta opp og sjå denne serien.

Sesong 1 som me vil sjå av serien «The Chosen» har 8 episodar, og innhaldet kan kort oppsummerast slik: Me møter Jesus i starten av si tre år lange  teneste, og me får bli godtkjent med menneska rundt Jesus. Me får sjå korleis livet den gong kunne ha vore både i sorg og glede. Dei levde under romarane si okkupasjonsmakt, dei religiøse leiarane hadde stor makt, og «vanlege» folk streva med å få endane til å møtast. Me får sjå korleis Jesus etter kvart kjem «på banen» med talar, undergjerningar og utfriingar. Korleis han kallar disiplar, og at folka han kalla var heilt vanlege menneske med sine kvardagslege utfordringar, forskjellige både som menneske og med sosial status. 

Episodane har til felles at dei berører oss med et sterkt budskap om Jesus og den han er, samt at det var heilt vanlige folk han hadde med seg.

Alt saman er bygd på evangelia i Bibelen, men produsenten er tydeleg på at dette IKKJE er Bibelen, men at det kan ha vore slik. Det kan utfordra våre eigne oppfatningar av korleis det var, og me kan ut frå det få gode samtalar i gruppa rundt dette. Me blir også utfordra til korleis dette kan ha betydning for oss / meg sjølv i dagens samfunn. Skodespelarane snakkar engelsk, men det er teksta til norsk.

Oppstart var 6. mars, men hadde du ikkje anledning å komma så møt opp på neste samling, Det er gode samlingar som både er lærerike og interessante, fine samtalar i gruppene. Av dei som var med var me i alle aldersgrupper, noko som gjere denne kvelden ennå meir spennande. . Samlingane går annankvar torsdag.

Samlingane starter klokka 19.00
Me starter med kveldsmat før me ser filmen. Så går me i grupper og snakkar saman om det me har sett.
Du er velkommen! 

19:00 Felles kveldsmat.

19:30 Ser filmen i lag. Etter filmen samles gruppene til samtaler.

Filmene varierer i lengde mellom 30 – 50 minutter på kvar samling.

 

Ny møtehelg 21-23 mars

Ny møtehelg 21-23 mars

Etter nokre fantastiske møter i januar og februar vil me fortsetta med vekkelsemøtene i mars. Mange fekk kjenne Guds nærvær under møtene som var på bedehuset og ei forventningsfull atmosfære prega dei. Gud rørte virkelig med unge og voksne og me ser med spenning kva...

Middag på Arken

Middag på Arken

Lei av travle ettermiddager med middagslaging? Har ungane flytta ut og plutselig er det litt for få rundt middagsbordet? Oftast aleine ved middagen og hadde satt pris på middag i godt lag? Du er herved invitert til middag på Arken følgende tirsdager: Tirsdag 4. mars...