=
tor. 12. mars 2026
fre. 13. mars 2026
man. 16. mars 2026
tir. 17. mars 2026
ons. 18. mars 2026
tor. 19. mars 2026
man. 23. mars 2026
ons. 25. mars 2026
søn. 5. april 2026
man. 6. april 2026
tir. 7. april 2026

 

Gjennom eit semester er det stor aktivitet på Arken. Her er det tilbod for alle aldrar – frå barne- og ungdomsarbeid til møte, undervisning, songkveldar, film- og gruppesamtalar, utleige, tema kveldar og mykje meir.
Det er gledeleg å sjå kor godt huset blir brukt. Arken blei bygd for nettopp dette: å vere ein møteplass der vi kan nå ut med evangeliet til bygdefolket.

No ser vi fram til ein innhaldsrik vinter og vår, med mange ulike arrangement der både små og store kan samlast til fellesskap, påfyll og gode opplevingar. Enten du kjem fast eller berre stikk innom av og til, er du hjarteleg velkomen.

Samtidig ønskjer vi å invitere fleire med i fellesskapet – både som deltakarar og frivillige. Det er mange ulike oppgåver og behov, og alle bidrag er verdifulle. I lag med andre kan du vere med og byggje eit trygt og godt fellesskap, styrkje trua og bidra til at fleire får kjennskap til Jesus.

👉 Følg med i kalenderen vår for oversikt over komande arrangement – vi håpar å sjå deg på Arken!

 

 

Forestilling VÆR MOT ANDRE… med Frank Robert Abelseth

Forestilling VÆR MOT ANDRE… med Frank Robert Abelseth

Torsdag 12. mars blir det ein forestilling med Frank Robert Abelseth VÆR MOT ANDRE ... er overskriften for forestillingen som handler om livet gjennom songar og historiar. Sokneprest Elisabeth V. Fauskanger bli med i samtale med Frank Robert og mannskoret fra Arken...

The Chosen

The Chosen

The Chosen er ein heilt unik filmatisering av Jesu liv og har vekka interesse over heile verda. Me på Arken har starta opp og sjå denne flotte serien. Dette med målsetting at me skal bli betre kjent med bibelens innhold. Sesong 2 som me vil sjå av serien «The Chosen»...

Møtehelg med Arthur Robertsen og Hans Martin Skagestad

Møtehelg med Arthur Robertsen og Hans Martin Skagestad

Den siste helga i februar blir det på nytt ei møtehelg på Arken med Arthur Robertsen og Hans Martin Skagestad Har hatt nokre flotte møtehelger tidligere med Arthur og Hans Martin og nå ser me med forventning ennå ein gong til kva Jesus har for oss. I møtene blir det...

Årsmøte

Årsmøte

Mandag 9. februar kl. 19:00 er det årsmøte for Arken. Det blir andakt av Karl Stokland, sang av mannskoret, mat og kaffe. Her finner du sakslisten.