The Chosen er ein heilt unik filmatisering av Jesu liv og har vekka interesse over heile verda. Me på Arken har starta opp og sjå denne flotte serien. Dette med målsetting at me skal bli betre kjent med bibelens innhold.
Sesong 2 som me vil sjå av serien «The Chosen» har 8 episodar, og innhaldet kan kort oppsummerast slik: Me møter Jesus i si tre år lange teneste, og me får bli godt kjent med menneska rundt Jesus. Me får sjå korleis livet den gong kunne ha vore både i sorg og glede. Dei levde under romarane si okkupasjonsmakt, dei religiøse leiarane hadde stor makt, og «vanlege» folk streva med å få endane til å møtast. Me får sjå korleis Jesus etter kvart kjem «på banen» med talar, undergjerningar og utfriingar. Korleis han kallar disiplar, og at folka han kalla var heilt vanlege menneske med sine kvardagslege utfordringar, forskjellige både som menneske og med sosial status.
Episodane har til felles at dei berører oss med et sterkt budskap om Jesus og den han er, samt at det var heilt vanlige folk han hadde med seg.
Alt saman er bygd på evangelia i Bibelen, men produsenten er tydeleg på at dette IKKJE er Bibelen, men at det kan ha vore slik. Det kan utfordra våre eigne oppfatningar av korleis det var, og me kan ut frå det få gode samtalar i gruppa rundt dette. Me blir også utfordra til korleis dette kan ha betydning for oss / meg sjølv i dagens samfunn. Skodespelarane snakkar engelsk, men det er teksta til norsk.
Oppstarten av sesong 2 blir den 22. januar 2026 og det legges opp til 4 samlinger annan kvar torsdag denne vinteren Har du ikkje fått med deg sesong 1 er du allikevel svært velkommen til å være med på samlingane.
Det er gode samlingar som både er lærerike og interessante, fine samtalar i gruppene. Av dei som var med var me i alle aldersgrupper, noko som gjere denne kvelden ennå meir spennande. Samlingane går annankvar torsdag
Vinteren 2026:
Første samling den 22. januar klokka 19.00.
Deretter den 5. februar, 19. februar og 5. mars
Me starter med felles kveldsmat, som blir servert oss, før me ser filmen i lag.
Så går me i grupper og snakkar saman om det me har sett.
Du er velkommen!
Programmet for kveldane:
19:00 Felles kveldsmat.
19:30 Ser filmen i lag. Etter filmen samles gruppene til samtaler.
Filmene varierer i lengde mellom 30 – 50 minutter på kvar samling.
Påmelding til Karl Stokland, tlf 91633402. Fint viss flest mulig kan melde seg på før oppstart!





