Vats bedehus- / soknehus-foreining har i omlag 10 år arbeidd med å planleggja nytt bedehus / soknehus. Det er særleg med tanke på yngre generasjonar at behovet for nybygg gjer seg gjeldande, men det er også trong for meir plass i samband med bruk av kyrkja. Det er med stor glede at me nå går inn i sluttfasen av planane for det nye bedehuset vårt. Det har vore ein lang prosess med ein del utfordringar undervegs. Bygget er planlagt å bli reist i to trinn, men skulle økonomien endra seg er ingen ting betre enn at me kan reisa byggetrinn 2, om ikkje altfor lenge.  Byggetrinn 1 er planlagt å stå ferdig utgangen av 2022. Det vil bli eit moderne bygg der det vil bli lagt vekt på gode og praktiske løysningar. Ein avdeling av bygget vil bli spesielt tilpassa for barne- og ungdoms arbeidet. Bygget vil elles innehalda ein romsleg foajé, eit flott møterom, kjøkken og andre nødvendige fasilitetar (sjå PDF med arkitekt-tegninger)

Me er svært takksame for alle som støttar dette arbeidet gjennom å vera faste givarar og med andre gåver. Det er gjennom desse tenestene det vert mogleg å byggja dette bygget. Framleis treng me fleire for å komma i mål og har du høve så meld deg på å bli ein av bedehusets viktige hjelparar. Du kan bli med i den faste givartenesta eller å støtta arbeidet med enkelt-gåver eller som givar av privat lån til bedehuset. Som bildet fra den arkeologiske utgravingen viser er første spadetak allereie tatt.

Arkologisk utgraving

Arbeidet med å få et nytt og flott bedehus/soknehus har allereie på gått ei god stund. Styret ønsker å gi fortløpande status til interesserte ved framgangen for dette arbeidet, ved å legga ut ein enkel logg over arbeidet som pågår.

LA STÅ - Denne er skjult, men må være der

Your content goes here. Edit or remove this text inline or in the module Content settings. You can also style every aspect of this content in the module Design settings and even apply custom CSS to this text in the module Advanced settings.

Oversikt For 2023

31.01.2023   Spiletaket er nå ferdig i storsalen, foajeen og delen av ungdomsrommet som har mønt tak. Takene blei fantastisk fine

21.02.2023  Ferdig med å plate veggene i ungdomsrommet med kryssfiner plater. Neste steg blir nå å gå i gang med system himling i alle rom som skal ha denne tak typen

30.04.2023 Mars og April gjekk masse tid med til svakstrøm arbeid i forbindelse med automasjon, lyd og bilde. Lage scene, montering av vindu og dør foringer + masse listing, malingsarbeid og fuging og til slutt rydding og vasking. Samtidig har entreprenørene utført sitt innvendige arbeid. Første helga i Mai planlegger me opning av bygget!!!

05 – 07.05.2023 Denne helga ble bedehuset/soknehuset opna. Hele helga ble en kjempe suksess. Fredag var det ungdommene som hadde samling i ungdomsrommet. Lørdag var det opnings fest med fullt hus og masse glede og takknemlighet. Søndag hadde me gudstjeneste i det nye lokalet – fullt hus i dag også. 

 

LA STÅ - Denne er skjult, men må være der

Your content goes here. Edit or remove this text inline or in the module Content settings. You can also style every aspect of this content in the module Design settings and even apply custom CSS to this text in the module Advanced settings.

Oversikt For 2022

13.01.2022   I dag blei golvet ferdig støypt. Fantastisk bra. Etter ein store dugnadsjobb med å legge isopor, armerings matter og vannbåren varme røyr er nå endelig golvet støypt og resultatet ser veldig bra ut. 

31.03.2022   Kalstveit bygg avslutta i dag arbeidet med Arken. Tømmer arbeidet som entreprenøren skulle utføra er dermed ferdig. Utvendig er bygget nå ferdig og et flott og godt arbeid er gjennomført av Kalstveit bygg. På dugnad har me utført et kjempe arbeid med å legge tak panner og innvendig er en store isolasjon jobb gjennomført, samtidig som oppbygging av innvendige vegger pågår. Kjempebra! 

01.07.2022  Rørlegger Haraldseid er nå foreløpig ferdig med rørlegger arbeidet i 1. etg. Haraldseid elektriske er begynt med den elektriske installasjonen og GK Inneklima vil begynne arbeidet med ventilasjonen den 11.07.22. På dugnad er det blitt gjort ein store jobb med isolering, sette opp dele vegger, gipsplating og anna. Pr 01.07 er stort sett alle dele vegger oppe og me vil nå gå i gang med siste lag isolering av yttervegger og gips plating av veggene.

01.11.2022  Vindafjord Vask og Maling begynte i dag med rigging av stillas for å gå i gang med sparkling og pussing av gips veggene. Alle vegger i storsalen, matsalen og foajeen skal sparkles, pusses og males av firma. Mens dette arbeidet pågår skal me i dugnadsgjengen gå i gang med plating av vegger i kjøkken og toaletter.

 

 

LA STÅ - Denne er skjult, men må være der

Your content goes here. Edit or remove this text inline or in the module Content settings. You can also style every aspect of this content in the module Design settings and even apply custom CSS to this text in the module Advanced settings.

Oversikt for 2021

27.01.21 Svar frå bispedømmerådet og Rogaland fylke mottatt.

Dei har ingen kommentarer til endringane av bygget, men me får avslag på plasseringa av parkeringsplassen på nordsida av tomta. Bispedømmerådet og Rogaland fylke vil bli kontakta med eit nytt forslag til parkeringsplass på austsida av bedehuset.

16.02.21 Mottatt nytt svar frå Rogaland fylke kor dei akseptera plana for parkeringsplassen på sør/aust sida av bygget og planlagt adkomstvei til parkeringsplassen. 

25.02.21  Nabovarsel sendt ut. Prisforespørsel for dei forskjellige faga vil nå bli sendt ut fortløpande.

08.04.21  Byggesøknad sendt til kommunen

25.04.21 Rammetillatelse mottatt fra kommunen

28.04.21  Under årsmøte blei det gitt ei økonomisk ramme på 12 mil for byggetrinn I. Byggekomiteen vil arbeid vidare med entreprenør prisane og oppstart av bygginga ut fra denne ramma. 

07.07.21 Byggeløyve godkjent fra kommunen. Endelig fekk me godkjenninga. Har vært ein lang prosess. Blei ein del ekstra rundar med kommunen. Ein av grunnane er usikkerheten rundt Vindafjord hallen og forskjellige alternativ for bygg og plassering. Me har dermed utsett graving av vann/avløp systemet i påvente av beslutninga fra kommunen for Vindafjord hallen. Utgravinga av tomta vil gå som planlagt og dette arbeidet blei påbegynt den 08.07. Målet er å vera ferdig med dette før første veka i august. Då vil Vats anlegg starte opp med grunnarbeidet i tomta.

31.08.21 Entreprenøren ferdig med tilkjøring av sprengstein og planeringa av tomta. Fyllmassen skal nå ligge i ca 4 veker før me starter opp med dugnadsarbeidet med å klargjera grunnen for grunnmur og fundamenter. Betong entreprenøren er planlagt å starte opp med sitt arbeid i 2. veka av oktober.

28.09.21. Målingane av fyllmassen har blitt utført i ein periode på 4 veker og målingane viser svært lite bevegelse av massen. Den 27.09 mottok me ein bekreftelse fra Norconsult at me kan fjerna forbelastninga og starta med bygginga av bygget.  Dugnadsarbeidet med å planera ut bærelag for grunnmur og fundamenter starta opp den 28.09 og blei foreløpig avslutta den 10.10.21. Gjenstår noe dugnadsarbeid etter at ringmuren er ferdig.

11.10.21 Gustavsen forskaling begynte arbeidet med ringmur og fundamenter. Arbeidet ble avslutta den 21.10. Då var sokkel, ringmur og fundamenter oppe. Betonggolvet vil bli støypt seinare. 

28.10.21 Oppstart tømrerarbeidet. Utføres av Kalstveit bygg.

17.12.21  Kalstveit bygg blei i dag ferdig med sutaket på bygget, dvs nå er bygget oppe og taket er tett. Neste steg blir å klargjera for takpanner, kledning og vindu. 

 

 

Oversikt For 2020

06.2020 Norconsult utfører geotekniske undersøkelsar i tomta. Dette på grunn usikkerheit rundt grunnforholda.

21.08.20 Geoteknisk rapport motteke. Rapporten er positiv for vidare arbeid. Rapporten beskriver grunnforholda og korleis me bør gå fram med grunnarbeidet.

18.11.20. Mottatt estimat fra et byggefirma for bedehuset. Ut fra estimatet blir det beslutta å gjera nokre endringar på bygget. Dette på grunn av høge pris, spesielt tak konstruksjonen med alle vinduene viser seg å vera ein veldig dyre konstruksjon.

30.11.20. Alternativ parkeringsplass. Kommunen informer om at me må planlegge for ein alternativ parkeringsplass på tomta.

22.12.20. Søknad sendt til Stavanger bispedømme med endringane av bygget og alternativ parkeringsplass.

Budsjett

På årsmøte 2019 blei det lagt fram eit budsjett og ein kalkyle for Arken. Kalkylen var på totalt 11 200 000 kr, basert på anbod mottatt i 2016. Justert for prisstigning er dette nå komme opp i ca. 14 800 000 kr pr. januar 2021. Innteninga til bygget var basert på lån frå OVF som er mottatt på 5 000 000 kr. Eigenkapitalen til Arken er pr 31. desember 2020  2 163 000 kr. Private lån til Arken er sett til 2 000 000, av dette er det pr 15.01.2022 gitt løfte for 1 500 000 kr. Ett bank lån på 2 000 000 kr er planlagt i 2023. Dugnad, verdisett til ca. 3 000 000 kr av total beløpet. Sal av Kårhus bedehus blei i 2020 estimert til 700 000 kr, men her er det knytt stor usikkerheit til salssummen.

Støtte frå Legat var sett til 300 000 kr.  Økonomisk støtte frå legat har vist seg å være svært vanskeleg å få for nybygg. Her ser me større sjanse for å få noko støtte til utstyr og prosjekt etter at bygget er i drift. Økonomi-rådet har arbeidet med å få inn økonomisk støtte fra lokale bedrifter. Dessverre så har det vist seg at bedehuset/soknehuset faller utenfor mange bedriftens retningslinjer for sponsor/økonomisk støtte, men i 2023 har me fått inn ca 90000kr totalt fra forskjellige bedrifter i kommunen.

I 2023 blei også Kårhus bedehus solgt for 1,1mil!

Oversikt utgifter

  • Sum pris alle entreprenørar                 9,15 mil
  • Sum innvendige materialer                  2,15 mil
  • Uforutsette utgifter                                  0,5 mil
  • Totalt                                                              11,8 mil

 

Oversikt økonomi grunnlaget.

  • Lån frå OVF                                                     5,0 mil
  • Egen kapital pr 01.01.2021                        2,2 mil
  • Rentefritt Lån frå private                         1,5  mil
  • Ekstra banklån planlagt i 2022               1,6 mil
  • Fast månedlig givartjeneste                    0,77 mil  380 000kr i 2021 og 390 000kr i 2022
  • Basar, arrangementer, gaver                  0,20 mil  100 000kr pr år.
  • Sal av Kårhus bedehus                                1,10 mil   Huset blei solgt i april 2023

 

 

 

Dugnad

Arken vil ikkje vera mulig å få byggja utan ved hjelp av dugnad. Korleis dette vil bli gjennomført er ennå ikkje bestemt, men som eit utgangspunkt planlegg me å få utført alt innvendig arbeid på dugnad + enkelte andre oppgåver.

Me ønsker å organisera dugnaden i fleire grupper og fordela gruppene på kvar sin dato som rullerer. Med å gjera det på denne måten vil me få ein kontinuitet i arbeidet som vil gjera dugnaden meir effektiv og enklare for kvar person å planleggja sin egen dugnad.

 

Planlagt dugnadsarbeid:   

  • Fjerning av matjord fra bygge gropa og rensk av fjellknaus.
  • Planere ut pukk/kult som var brukt som «overlass» over fyllingen.  Planeres ut i byggetomt og uteareal område.
  • Klargjøre for fundamenter og grunnmur. Graving og planering av underlag for grunnmur og fundamenter.
  • Klargjøre grunnen for rør/betong.
  • Legge ut isopor og armerings matter i grunnen.
  • Legge ut vannboren varme rør.
  • Legge ut takstein.
  • Innredningsarbeid. Planen er at me utfører all innredningsarbeid på dugnad. I tillegg er det mulig å spare på kostnadene ved at me hjelper til med montering av ventilasjonsanlegget og på elektriker installasjonen.

2020

Juli/August 2021

September/Oktober 2021

November 2021

Desember 2021

Januar/Februar 2022

Mars 2022

April/Mai 2022

August/September 2022

Oktober 2022

November/Desember 2022

Januar til April 2023